Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Hordaland. Fylkeskommunen gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Fylkeskommunen har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har fylkeskommunen ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland.
Fylkesrådmannen er øvste administrative leiar i Hordaland fylkeskommune.
Hordaland fylkeskommune er ein av fylkets største arbeidsgjevarar med om lag 4 500 tilsette.
Fylkeskommunen sine inntekter kjem hovudsakleg frå lokale skattar og statlege rammeoverføringar. Rammene for fylkesøkonomien vert i stor grad fastsette sentralt av statlege styresmakter.
Organisasjonsnr: 938 626 367 mva.
Sjå meir administrativ organisering: http://www.hordaland.no/nn-NO/om-oss/om-fylkeskommunen/
Laster...